fredag 23. desember 2011

Julefreden har senka seg i heimen.

Julakakene er ferdig bakt og står te pynt i fine norgesglass. Eg har forresten gjort eit kupp og får forsyna meg me så mange norgesglass eg vil ha, fra farmors kjellar :D

 Englane er på plass te pynt. Julatreet er ferdig pynta, i år med moderne preg der det kun er fargane kvitt og gull som kom gjennom nålauga..
Og sist, men ikkje minst: grunnen til at me feirer jul: nemlig barnet i krybben. Ei fin julekrybbe fra Madagaskar.


I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.
Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.
Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»
Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»
Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.
Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.
Lukas 2,1-20

Travel desember

Desember va veldig travel, med 100% jobb og 100% student. Det resulterte i jobb om dagen, skule om ettemiddagen, te eg blei kasta ut om kvelden.. På skulen va oppgava og designe og produsera servise te minst to. Her komme ein lite smakebit. Resten legge eg ut når det er ferdig glasert.
 Begynnelsen på det som skal bli ein kopp.

 Nesten 2 kg leire gjekk med til å dreie denne skåla. Kim trenge styrketrening når ein kan deria leira???
 Ennå flere skåler, klare til brenning.
Begynnelsen på det som skal bli ei mugge.

søndag 20. november 2011

Se min kjole

Eg vet om to søte små jenter som ska få nye kjolar :)
Praktiske "to i ein kjole" som kan brukas på begge sider. I ryggen e det omslagslukking med trykknappar.


 
  

torsdag 13. oktober 2011

Til brød, rundstykker, småting...

Sydd i lin og fora me vatt sånn at den ska holda formen. Kan brukast på begge sider :) Litt krølette denna ette å ha tilbrakt sommaren i "har laga kassen min".

For den nette sum fra 100 kr kan eg sy te deg Størrelse og fargar kan du velga sjøl =) Prisen vil varera litt ut fra størrelse og type stoff. Kanskje et julapresangtips??

søndag 2. oktober 2011

Eg har fått butikk

Epla.no trur eg er den mest geniale nettsida for alle som vil tjena litt penger på hobbyen sin! Her har eg så smått starta ein liten butikk;



Ellers strikke eg sokkar for harde livet etter det kom inn ein del bestillingar etter forrige blogginnlegg :)

tirsdag 6. september 2011

Det strikkes

På regnfulle høstkveldar e det kosligt å sitta inne å strikka. Denna gongen e det selbusokkar eg e blitt hekta på.. Me litt for masse garn på lager e det stor fare for at det blir flere par i løpet av høsten, så om du trenge nye ullsokkar; legg igjen ein kommentar ;)


onsdag 27. juli 2011

Dukkekjole

I mangel på den store sommaren på Karmøy trengte eg et lite strikkeprosjekt. Eg fant mammas strikkeoppskrifter og ikkje lenge ettepå var kjolen i kniplingmønster ferdig. Strikka i 100% babyull.

lørdag 18. juni 2011

Puter på bestilling

Eg har fått bestilling på 12 puter. Her er 10 av de ferdige. Stoff og knappar er kjøpt på Stoff og Stil.


Alle putene har fått fine hempelukkingar og knappar i tre. Putene er derfor fult brukbare på begge sider.

Eg fant, eg fant.

Midt i pakke- og flyttekaos fant eg bilder av to kjolar eg sydde på vidergårende. Kall meg gjerna gal som sydde brudakjolar i papir og plast!! Eg vil våga å påstå at det hadde vært mer galskap og sydd to brudakjolar som kunne brukast når eg bare var 17 år..
I denna oppgava er eg ikkje heilt sikker på ka temaet var. Overdelen, den røde, er av plastikk som eg har limt tørkepapir på og malt med akryl. Skjørtet er store mengder tørkepapir. Hjertene er laga i cernit.
Manekengoppvisning var ein del av oppgavå, så det har eg og fått prøvd ut...

Oppgavetittel: "Oppgaven jeg aldri fikk". Me skulle med andre ord laga oppgavå vår sjøl. Eg var i ekstase for at eg endlig fekk sy kjole, sjøl om detta og var plastikk og papir. Heile kjolen er i plastikk der eg har limt på tørkepapir. Overdelen er sydd som korset med snøring bak. Ja, det går faktisk veldig godt an å sy i plastikk, men limpistol er og ein kjærkommen venn i et sånn prosjekt.

mandag 23. mai 2011

fredag 20. mai 2011

Fordypning

Fem veker med fordypning er nå ferdig.
I halvvsvime har eg gått te og fra skulen, alt for tidlig og alt for seint.
Eg har hatt nål, tråd, tekstiler og kjolar på hjernen.
Om nettene har eg drømt og kordan eg kan løysa ting eg har gått og fundert på ein heile dag.
Eg har studert alt og alle eg har sett som har hatt på seg kjole og blomsterdekor.
Det har vært utrolig slitsomt og krevande, men veldig kjekt, lærerrikt, utfordrande og et resultat eg kan sei meg meget fornøyd med ;)

Oppgava gjekk ut på at eg ut fra et grunnmønster, sko sy ein kjole med dekorative detaljer. Resultatet blei ein kjole med flere underskjørt som kan skiftas ut, i tillegg te blomsterdekor som kan tas av og på.





Ein enkel lerretskjole sydd etter standard grunnmønster.
Når ein har fått teken på detta kan ein sy nesten ka kjole som helst - nesten ;)















Valget endet opp på ein enkel kjole med prinsessefasong der eg kan han kjolen heilt enkel eller legga te ulike ting som gir kjolen et heilt aen uttrykk..
Her har eg kappeskjørt i chiffong, det tar grusomt lang tid å få kappane like og ikkje minst beint påsydd.. Tålmodighetsarbeid.

Før me va i gang me oppgavå fekk eg klar beskjed av veiledar om at eg måtte ut av komfortsonen, eg fekk ikkje lov å laga ein klassisk, enkel kjole. Så derfor kjørte eg litt rosa kontrast. Underskjørte er sydd i ciffong som er har tvinna sammen og sydd fast på satengfor. Belte og blomsten er og laga i chiffong. 














Nok et ut av komfortsonenverk.. Her har eg forma små roser i stoffet, sydd fast om igjen og om igjen. Nok et tålmodighetsarbeid, i kjent frk. Haukås stil ;)























Nå e eg klar for sosialt liv, sommar, sol og festligheter =) Og ikkje minst, starta på neste syprosjekt!!

onsdag 13. april 2011

Keramikk + dreiing = nye skåler

I høst hadde me fem veker me keramikk på skulen, der va eg fast å finna ved dreiemaskinen. Ganske mye vanskeligare enn det ser ut. Men nåken av skålene blei ganske brukbare.




Skålene er laga av steingodsleire, brent og deretter dekorert med høgbrent dyppeglasur.

fredag 25. mars 2011

Etui til strikkepinnar

Mitt første prosjekt på min nye, fantastisk symaskin: Strikkepinneetui.  Nå blir det orden i strikkepinnane.

Kort

Nylig hadde eg ein heile dag der eg kunne kosa meg med å laga kort.. Her e nåken resultat.





Velkommen til min nye blogg

Endelig har eg starta hobbybloggen eg har hatt planer om å starta ei go stund.. Som fulltids kunst og håndverksstudent blir det ett og aent spennande som kan vær kjekt i visa fram. I tillegg kan det fort gå nåken timar foran symaskinen, me strikkepinnar i hendene eller me skrivebordet fult av papir.

Detta er ein blogg som (forhåpentligvis) ska fullast me masse kjekke små skattar eg har kost meg med å laga.

Nåke vise eg bare fram for kjekt, aent selge eg gjerna. Legg igjen ein kommentar eller send ein mail på smaskattar@hotmail.com

Håpa du like nåke av det du ser, legg gjerna igjen ein kommentar, det vil eg setta stor pris på :)